Hopp til hovedinnholdet

Odd Nordstoga fortel si eiga historie i ny bok

Odd Nordstoga er ein av Noregs mest folkekjære artistar. I denne boka fortel han si eiga historie.
Odd Nordstoga med ny bok

«Eg har bestemt meg for å legge alt skamvit til sides og fylgje meg sjølv med tastatur. Eit slags reality show på papir blir det vel. Eg skal hente fram minne frå stadene mine, frå vegane mine og folket mitt, for det er dei som ligg mellom linjene i musikken min. Fortelje fram baklandet til songane mine. Det er det eg skal prøve på. Der ligg historia mi òg, historia om ein som starta på trekkspel som åtteåring og lét musikken vise vegen heilt hit. Eg håpar det blir ei bok om ein spelemann, for det synest eg er ein fin ting å vera. Å, kunne eg vera ein spelemann!».

Utdraget er henta frå starten av boka.

Spelemann er ei personleg forteljing om å vekse opp på gard, om å vera betre til å spela trekkspel enn fotball, om familielivet og songskapinga heime på Nordstrand og om det såre og det fine med å ha ei syster som er annleis.

Dagbladet trillar femmar på terningen og kallar boka «dypt rørende».

Sjå bildedryss frå boka:

«Den fyrste staden eg og syskenbarn Odd prøvde oss som gatemusikantar, var ved «Dasslokket» ved Lille Grensen i Oslo.»
«Den fyrste staden eg og syskenbarn Odd prøvde oss som gatemusikantar, var ved «Dasslokket» ved Lille Grensen i Oslo.»
«Far og eg ein varm sommarmorgon ved Vinjevatn. Me har sett garn og fått aure på over kiloen.»
«Far og eg ein varm sommarmorgon ved Vinjevatn. Me har sett garn og fått aure på over kiloen.»
«Ut i tunet og spenne på seg skia. Renne i bakkane rundt huset. Ein heilt vanleg barndomslaurdag. Eg og Gunne har nett fått kvar vår pose potetgull, så humøret er på topp. No skal det hoppast!»
«Ut i tunet og spenne på seg skia. Renne i bakkane rundt huset. Ein heilt vanleg barndomslaurdag. Eg og Gunne har nett fått kvar vår pose potetgull, så humøret er på topp. No skal det hoppast!»
«Nei, eg har ikkje starta i Red Hot Chili Peppers-coverband. Me er på Bygdalarm i Øystese.»
«Nei, eg har ikkje starta i Red Hot Chili Peppers-coverband. Me er på Bygdalarm i Øystese.»